Skiskyttar Aksel Mathias Meland frå Stryn og Markane IL er i vinden som aldri før. I helga stadfesta han at han høyrer heime i norgestoppen i 17-årsklassen, med 2. plass på sprinten, og no er han ein av dei nominerte tilSkiskytter-VMs talentpris.

Delast ut under VM

Prisen er eit samarbeid mellom VM-arrangøren ogNorges skiskytterforbund, og er retta mot talent som er på aldersnivået før deinår aldersbestemt landslag. Det er Tora Berger som leier juryen som skal finne Norge sine to største skiskyttertalent blant 14 jenter og14 gutar, nominert frå dei ulike krinsane i Norge.

- Vi ønskjer å gi talentamotivasjon og inspirasjon slik at dei skal ha betre føresetnaderfor å ta steget opp frå talent til etablert utøvar, seier Berger.Vinnarane vert kåra islutten av februar og prisen på 10.000 kroner vert overrekt 11. mars under VM iskiskyting i Holmenkollen, same dag som kvinnestafetten.

Difor er han nominert:

Det er Sogn og Fjordane skiskytterkrins som har nominert Meland, og nominasjonsteksten er som følger:

Aksel etablerte seg i toppen av 16-årsklassen i fjor og vant bådeYoungStarfinalen og fellesstarten på Liatoppen. Han ble både krets-og vestlandsmester på normal, og fikk gode plasseringer på HL ogKvalfossprinten. Deltok òg på HL langrenn, som 15- og 16- åring,med sterke plasseringer. Aksel er et stort sportslig talent medmulighet til å kunne hevde seg internasjonalt. Han har en godtreningsvilje og som elev på Stryn videregående skole er han med åholde oppe miljøet lokalt.