Det vart 3-0 til Stryn då Tornado-Måløy (TMFK) gjesta stadion i den første kvalikrunden til NM-cupen.

Fjorårets toppskårar, Mads Wie, stod for to av måla. Begge kom i andre omgang, det første frå straffemerket. Ny kaptein av året, Petter Hammer, stod bak 1-0 skåringa på tampen av den første omgangen.

Med unntak av andre halvdel av første omgang, der TMFK mellom anna brann eit straffespark og i tillegg hadde eit par gode målsjansar, kan ein ikkje seie at heimelaget var direkte truga i kampen om cup-avansement.

Stryn si nye målvakt, Fredrik Hanssen, gjorde ein særs god debut. Ei kjemperedning på TMFK si straffe i tillegg til å avverge eit skot nede ved stolperota, sikra Stryn ei viktig leiing til pause.

- Ein perfekt debut, seier Hansen, som har funne seg godt til rette i Stryn.