- Vi tek gjerne ein dialog med Fjordingen om eventuelle forbetringsforslag, seier pressesjef i Posten Norge, John Eckhoff. Fjordingen-redaktør Bengt Flaten reagerer på at kundane får posten seinare på vanlege vekedagar etter at Posten kutta laurdagsrutene, og at dette ikkje har vore orientert om på førehand overfor storkundar og vanlege postkundar.

Eckhoff seier postmengda i Norge har blitt halvert sidan 1999. – Vi har heile tida tilpassa postrutene til eit lågare brevvolum. Endringar er nødvendige for å tilpasse Posten Norge til kundane sitt behov og sikre mest muleg effektiv drift. Når det gjeld post på laurdagar, er behovet ikkje lenger like stort, seier Eckhoff.

Etter at Posten kutta laurdag som omberingsdag kan ein ikkje oppretthalde same distribusjonsapparatet som før 5. mars, seier han. – Eg kan forstå at avisa gjerne skulle vore utan denne endringa, men vi jobbar framleis hardt for å sikre rask og effektiv utdeling av avisene, og tek gjerne ein dialog med Fjordingen om eventuelle forbetringsforslag, seier pressesjefen. Han seier levering av post til kundane i hovudsak skjer mellom kl. 9 og kl. 17. – På nokre ruter strekkjer avslutningstidspunktet seg mot kl. 17, men framleis får dei aller fleste posten sin vesentleg tidlegare. Uansett er det nødvendigvis nokon som får posten sin seinere på dagen enn andre. I den grad ein mottakar er avhengig av garantert tidleg levering, er postboks ei praktisk løysing, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Norge.