Frå neste helg kan ein ved Anders Svor Museum på Grodås oppleve basisutstillinga som vart laga i 2014 då det vart markert at det var 150 år sidan kunstnaren vart født. Til jubileet vart det også støypt ei ny skulpturgruppe, «Adam og Eva» til skulpturparken ved hjelp av Anders Svor Museum sitt «bronsefond».

-Basisutstillinga tek føre seg Svor sitt arbeid med offentlege utsmykkingar, både realiserte og ikkje-realiserte, skulpturar laga på oppdrag for private og frie arbeid, skriv Sogn og Fjordane Kunstmuseum på si heimeside.

Museet har elles prøvd å innrette seg betre i høve besøk frå turistbussane.

-Tidlgare opningstid om morgonen trur vi skal gjere det meir lagleg for dei, seier Solveig Heggen, som er lokal representant for museet.