Trass i at Steindalen ikkje hadde nok snø i storparten av sesongen, fekk skisenteret eit godt resultat. Det kan vi takke kuldeperioden før jul og i januar som gjorde det mogeleg å produsere kunstsnø i hovudtraséen, seier styreleiar Evind Grov til Fjordingen.

På generalforsamlinga onsdag kveld la styret fram rekneskap som viser overskot på 300.503 kroner.

I fjor var underskotet 317.402. Så det er snakk om solid resultatforbetring, fastslår Grov.

Kor stor var omsetninga i 2010?

Vi tok inn 1,8 mill. kroner på heiskort og parkering. Det er same summen som i 2009. Men i realiteten auka vi omsetninga med ca 300.000 kroner ettersom Bowlilng I i år hadde ansvaret for kafeen.

Snømangelen i Steindalen gav tapte inntekter?

Ja, vi gjekk nok glipp av ein million kroner. Men det må også leggjast til at vi sparte utgifter med trekket og preparering i Steindalen. Leiinga har gjennom sesongen vore flinke til å spare kostnader, og dette gjev seg utslag på botnlinja i 2010.

Likviditeten er framleis dårleg?

Ja, vi slit med likviditeten. Skisenteret auka i fjor aksjekapitaleni med 506.000 kroner, fordelt på 374.000 i kontantar og 132.000 i konvertering av lån. Det var eit par hundre tusen mindre enn vi hadde håpa på. Så sjølv om resultatet vart godt i år, er det ikkje nok til å rette opp likviditeten i selskapet. Difor vert det søkt om forlenga avdragsutsetjinging ut året.

Sandbakk overtek

Du held fram som styreleiar i Stryn Skisenter AS?

Nei, eg har varsla min avgang på generalforsamlinga i kveld. No er tida inne for å la yngre krefter overta. Eg er veldig fornøgd med at Jan Erik Sandbakk vil overta styrevervet. Skisenteret har i det heile mange unge og dyktige folk som gjer ein framifrå jobb.

Kva med gondolbaneprosjektet som er din "baby"?

Eg vil halde fram med å jobbe for vidare utbygging på Bøanedsetra. Vi må først få fram eit skikkeleg prosjekt. Deretter blir det å arbeide med eigenkapitalen. Eg innser at det vert ei stor utfordring. Tilgangen på kapital er vanskelegare i dag enn for tre år sidan, seier avtroppande styreleiar i Stryn Skisenter AS, Eivind Grov.