Med Costa Fortuna til kai i Olden i dag, har det hittil i år vore over 30.000 passasjarar med skip til Olden så langt i år. Mannskap er her ikkje medrekna.

- Italienske Costa Fortuna var båt nummer 19 av 55 denne sesongen, og dermed har vi lagt bak oss ein tredel av sesongen. Vi vil lande på litt over 90.000 passasjerar denne sesongen, seier hamneagent Egil Totland til Fjordingen.

- Costa Fortuna. Kva for skip er det?

- Italiensk, registrert i Genova  med hovudsakleg italienske, spanske og belgiske passasjerar. Skipet er her seks gonger i sommar, relativt stort med 102.000 bruttotonn og 270 meter langt. Passasjertalet er 2744. Då reknar vi ikkje inn mannskap. Skipet kom frå Åndalsnes og går vidare mot Flåm.

- Kva synest turistane om veret?

- Dei er blide og skryt uansett. 1. september blir årets store dag. Då med Carribian Princess og Britannia. Då får vi 620 meter med båt og 390.000 bruttotonn i Olden, seier Totland.