Heile 38 representantar frå 24 firma møtte fram til anbodssynfaringa i Olden for strekninga Ugla-Skarsten på fv 60.
- Det var veldig godt oppmøte av entreprenørar. Det er vi sjølvsagt veldig nøgde med, seier prosjektleiar Erling Varlid frå Statens vegvesen til Fjordingen.
- Er det vanleg med så stor interesse?
- Nei, det er sjeldan det er så mange oppmøtte på våre anlegg. Dette er jo heller ikkje eit anlegg som er så veldig stort, så vi var spente på om dei største entreprenørane ville vere interesserte. Men tydelegvis er dei det! seier Varlid.
Han seier det var ein veldig god tone på synfaringa.
- Ein disiplinert og fin gjeng. Blant dei frammøtte var det både firma som anser seg som hovudentreprenør og firma som anser seg sjølve som underentreprenør, utan at vi veit noko om korleis konstellasjonane blir enno, seier han.
- Kva er tidsplanen framover no?
- Entreprenørane har frist til 9. februar til å levere inn anbod. Så får vi ein fase der vi skal velje entreprenør. Deretter kjem ein kontraheringsfase, der vi forhandlar og skriv kontrakt med den entreprenøren vi vil velje. Alt dette tek noko tid, så oppstart på anlegget er berekna til 1. april.