– Det er lenge sidan dei eldste fekk førre oppfriskingsdose. Derfor er det behov for å vaksinere dei mest sårbare innbyggjarane våre, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding.

Folkehelseinstituttets overvaking viser at smitten aukar. Dei nye råda er baserte på råd frå instituttet, som regjeringa nyleg har fått.

– Vaksinasjon av mange midt i ferien vil vere krevjande for ein del kommunar. Eg vil derfor understreke at vaksinasjonstempoet må tilpassast kapasiteten til kommunane, seier Kjerkol.

I pressemeldinga frå regjeringa står det at sjukeheimsbebuarar og personar over 80 år bør prioriterast først i vaksinekøen. Men kommunane blir gitt rom til å finne løysingar lokalt for å gi flest mogleg i målgruppa eit tilbod.

Kommunane må også planleggje for å kunne tilby ny oppfriskingsdose til personar frå 65 år frå 1. september. Dette gjeld også for personar med underliggjande sjukdommar.

Regjeringa understrekar at pandemien er uføreseieleg, og at kommunane framleis må vere førebudde på at det kan komme endringar når det gjeld oppstart av vaksinasjon av desse gruppene og andre grupper.

Staten dekkjer kostnader til gjennomføring av vaksinasjonsprogrammet.