-Vi har ingen bekymringar med å gje arrangementet til Stryn, sjølv om dei berre har eitt års erfaring, seier Martin Bartnes som er kontaktperson i randoneeforbundet.

– I tillegg høver det godt å tildele NM til Stryn då datoen for løpet, 18. mars, passar inn i den nasjonale terminlista. Det er heller ingen verdscuprenn i randonee den helga,utdjupar Bartnes.

NM-status

Det er Stryn Rando 3000 som får NM-status. Løypa inneheld sju fjelltoppar, og 3000 høgdemeter skal forserast.

Stryn Rando Classic, med fire fjelltoppar og 1700 høgdemeter, vil også gå av stabelen same dag.

Rosar fjoråret

Bartnes rosar arrangementet i fjor, og sjølv om Stryn Rando er eit ferskt konsept så vil forbundet ha god dialog med arrangøren i forkant.

– Stryn gjorde sine erfaringar i fjor, og vi vil også kome med gode tips og råd i forkant seier Bartnes. Det var i fjor at Stryn Rando 3000 vart arrangert for første gong, og løpet viste seg å vere ein suksess.

Norgeseliten

Martin Bartnes seier at Norgeseliten kjem til å stille i Stryn, og normalt er det rundt førti deltakarar i eliteklassane.

– Vi jobbar med å få sett opp ein kongepokal i klassen for herrar, senior fortel Bartnes.I 2016 vann Hildegunn Gjertrud Hovdenak frå Romsdal Randonee kvinneklassa med tida 3.45.34. I herreklassen gjekk Lars Erik Skjervheim frå Voss til topps med tida 2.56.59. Skjervheim stadfestar ovanfor Fjordingen at han kjem til å stille i Stryn også neste år.

Stryn som vintersportsstad

Erlend Folstad i arrangørstaben fortel at litt av motivasjonen for å søke om NM-status er å sette Stryn på kartet også som ein vintersportsstad.

–I tillegg fekk vi veldig gode tilbakemeldingar på arrangementet i fjor, både frå utøvarar og andre seier Folstad.

Mange frivillige

– Det trengst vel mange frivillige til gjennomføringa?

– Ja, det gjer det utan tvil. Vi merkar at interessa utanfrå allereie no er større enn i fjor seier Folstad.

– Allereie fredag skal vi ha møte, avsluttar han.

Idrett i vekst

Randonee er ein idrett som er kjent for bratte motbakkar, flott natur og fartsfylt skikøyring. Sjølve idretten er ganske ny i Norge, men er stadig i vekst. I andre delar av Europa er idretten godt etablert.