Stryn sine gutar 15 år gjekk i helga heilt til topps då dei beste laga i fylket møttes til KM-sluttspel i futsal (innandørs fotball).

Gutelaget gjennomførte eit svært overbevisande sluttspel, og gav berre frå seg eitt poeng i dei innleiande rundane. Det var i 2-2 kampen mot Florø.

Stryn møtte Sandane i finalen og vann den så klart som 3-1. Dette etter å ha slege Jotun 2-0 i kvartfinalen og Sogndal heile 3-0 i semifinalen.