Mellom 30 og 40 personar møtte fram for å få informasjon om kommunereforma og regionreforma i Olden måndag kveld.

Ordførarane Flo, Lødemel og Amdam orienterte om kommunereforma og regionreforma i første del av møtet, medan rådmann Per Kristian Storevik orienterte om  den praktiske prosessen vidare fram mot endeleg avgjerd må takast før 1. juli.

– Det vil vere utfordrande for ein kommune å stå aleine i framtida, sjølv om dette er tona kraftig ned i høve til dei første signala, sa Sven Flo og viste til det nye inntektssystemet, «den tredje lause tråden»,  då han orienterte om kvifor og korleis denne prosessen er komen i gang.

Det var lite ungdom å sjå på møtet i Olden.

– Vi har jobba med å få ungdommen i tale, og har mellom anna engasjert ungdomsråda i dette arbeidet, sa Sven Flo.

Byggje makt mot sentrum

Jørgen Amdam, tidlegare høgskuleprofessor, no ordførar i Volda,  tok føre seg grunnleggjande samfunnsendringar som er ei utfordring for bygdene i dag. Han viste til sterk urbanisering, høg snittalder på befolkninga og problem med å halde på nettopp ungdommen.

– Utkantane blir meir og meir dominert av byane om vi ikkje greier å byggje makt mot sentrum, sa Amdam, og viste eit kart som synte «ein befolkningstettleik som deler av Sahara».

Speedating

Dette har vore argument for å setje i gang med sondering for å slå saman kommunar.

Kommuneproposisjonen antydar at ein framtidig kommune bør ha minst 15.000 innbyggjarar, og kommunane har teke «naboprat» i fleire retningar før dei har enda opp med dei intensjonsavtalane som ligg føre.

–Ein i kommunestyret i Volda kallar det speeddating, la Amdam til, følgt av humring frå salen.

Kvifor ikkje Eid og Gloppen?

– Prosessen handlar ikkje først og fremst om å flytte grenser, men om kva vi skal putte inn i den nye strukturen. Kva tilbod innbyggjarane våre skal ha i framtida. Kvifor omstiller næringslivet i Stryn seg? Jau, for å kunne møte framtida. Tilpasse seg, silk at dei kan levere eit produkt som kundane er tente med også i framtida, sa Sven Flo.

Spørsmålet om kvifor ein ikkje har eit alternativ av kommunane Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen dukkar stadig opp på m.a. sosiale media.

–Eg blir konfrontert med dette kvar dag. Men det har ein årsakssamanheng. For det første greidde vi ikkje å bli einige om korleis vi skulle fordele oppgåvene. Vi kom ikkje vidare. For det andre så var dette i ein tidleg fase. Det har skjedd mykje dei seinare månadane, sa Flo.

Ha i bakhovudet

Eit sentralt spørsmål er om Volda-alternativet framleis skal vere med i ei folkerøysting, når voldingane berre har teke intensjonsavtalen «til vitande», og ikkje vedteke avtalen.

– Vi skal vere forsiktige med å kortslutte prosessane på oppløpssida. Det vil vere ei utfordring med å ikkje stille spørsmål om eit alternativ som kan bli reelt, sa Sven Flo, som la til at ein også må ha i bakhovudet at Eid/Gloppen kanskje ikkje blir einige.

– Vi må også tenkje på kva vi skal gjere dersom det scenariet skulle oppstå, sa Flo.

Ta omsyn til folkerøystinga?

Egil Støle stilte spørsmål vedrørande folkerøysting, mellom anna om kommunestyret vil ta omsyn til det dersom eitt alternativ får fleirtal i folkerøystinga.

– Eg går ut frå at frammøteprosent er ganske avgjerande? la han til, vel vitande om at det nett var gjort kjent at Vågsøy hadde ein frammøteprosent på 25.

– Om rådgjevande folkerøysting og innbyggjarundersøking gjev klare svar, vil det vege tungt. Om det er stor valdeltaking og t.d. 65 prosent meiner Stryn skal slå seg saman med Hornindal, så ville det ta seg merkeleg ut om eg som politikar neglisjerte det, sa stryneordføraren.

Må ta omsyn til eigne innbyggjarar

Her skaut hornindalsordførar Stig Olav Lødemel inn at det er verd å merke seg at Hornindal vil måtte ta omsyn til si eiga meiningsmåling:

– Veldig mange i Hornindal går rundt og hugsar perioden 1964-1977. Mitt tips er at Hornindal/Stryn/Volda-alternativet står mykje sterkare i Hornindal enn Hornindal/Stryn-alternativet. Vi må ta omsyn til våre innbyggjarar når vi tek vår avgjerd.