Det er Aalesund 2 som tek imot Stryn når serien vert sparka i gong måndag kveld. Dei rykka ned frå 2. divisjon i fjor.

- Det blir ein tøff kamp, der vi ikkje veit heilt kva som ventar oss. Men fokus ligg ikkje på kven vi møter, men at vi skal sjå best muleg ut som lag, seier trenar Johann Sigurdsson.

2016 er ein overgangssesong til nytt seriesystem. I den nye serieordninga skal 2. divisjon halverast frå 56 til 28 lag (to avdelingar) og 3. divisjon skal halverast frå 12 til seks avdelingar. Ordninga betyr mellom anna at Stryn må bli blant dei fire beste i avdeling åtte for å vere sikra plass, eller eventuelt bli mellom dei åtte beste laga på 5.plass i avdeling 1 til 10.

– Det gjere det i alle fall ekstremt lett å setje ei målsetjing for sesongen, smiler Sigurdsson.

– Men det er nok ganske mange lag med den målsetjinga, legg han til, og viser til sterke lag som Sogndal 2, Hødd 2, Bergsøy, KFK og Herd- i tillegg til Aalesund 2.