- Korleis vil Stryn  stille seg til å la Geiranger bli ein del av kommunen? Spørsmålet vert stilt av Jan Ivar Nydal i brev til ordførar/rådmann i Stryn.

Jan Ivar Nydal er kommunestyrerepresentant i Stranda kommune, busett og arbeider i Geiranger.

- Dette initiativet er først og fremst som privat interessent for å sjå korleis vi kan ivareta Geiranger sine interesser på best mogeleg måte. Dette vere seg næringsutvikling, at helse og utdanningssektoren får best mogeleg oppfølgjing, at Landskapsvernområdet generelt får den naudsynte oppfølginga som krevst, samt at vi må oppretthalde statusen som Norge si nest største cruisehamn og internasjonalt turistmål, innleiar Jan Ivar Nydal. Og fortset:

- Vi held på å opprette ei lita arbeidsgruppe i Geiranger, der vi ser på ulike løysingar i den komande kommunereforma. Som den reiselivsmetropolen og merkevara Geiranger er, føler vi at vi må ha fleire strengar å spele på, og stiller difor eit enkelt spørsmål: Korleis vil Stryn kommune stille seg til eventuelt å ta imot Geiranger som ein del av kommunen?

Jan Ivar Nydal innser at  det ligg ein del utfordringar:

- Der er enkelte, og ikkje heilt uvesentlege utfordringar, der geografien og kommunikasjon kanskje er den største utfordringa. He er arbeidet med heillårsveg og tunnel til Geiranger som ein del av dette naudsynt for å gje næringane, ikkje berre i Geiranger, men også i Nordfjord, Stryn og Nord-Gudbrandsdalen eit kraft løft.