Tre motorsyklistar på gjennomreise fekk forenkla førelegg på 6.500 kroner og tre prikkar i førarkortet etter ein fartskontroll på E39 frå Kjøs mot Eid ved 21-tida fredag kveld. Politiet målte dei tre til ein snittfart på 107 km/t i 80-sona. Målinga vart gjennomført over ei strekning på 3,6 kilometer, og alle tre vedtok førelegga, opplyser politiet.