Familien vart tekne i mot som heidersgjester då dei kom til Hamar fredag. Gratis hotellovernatting, gratis frukost på kafe og eigen guide til å vise familien rundt både i og utanfor kjøpesenteret i byen var berre noko av det som venta.

Styret for kjøpesenteret Torghjørnet stilte også med velkomstkomite og raude roser til gjestene. Ingen tvil om at handelsnæringa på Hamar synst det var både morsomt og spesielt at flørte-ballongane dei sende til vers hamna heilt i Hornindal, 40 mil vestover frå Hamar.

- Ekstra morsomt

May-Torild Brustad Lund i styret for kjøpesenteret hadde lagt opp eit hyggeleg løp for familien, som i tillegg til å få frukost og overnatting også kunne nyte godt av gratis frisør til to av kvinnene i reisefølget.

- Vi hadde jo aldri rekna med at ballongene skulle reise så langt av garde. Når dei gjorde det, var det ekstra artig at det var nettopp denne familien som fekk ballongane. Dei er både veldig levande og morsomme, seier Brustad Lund til Hamar Dagblad om sine nye vener frå Hornindal.

Både Hamar Dagblad og NRK stilte opp for å lage reportasjar då familien Lødemel møtte ved kjøpesenteret Torghjørnet.

Les meir i papirutgåva måndag