Sparebanken Sogn og Fjordane leverte i 2013 sitt beste resultat nokon gong. Tala for fjerde kvartal viser eit resultat før skatt på 475 millionar.

-Dette hadde ikkje vore muleg utan eit kontniuerleg fokus på ny kunnskap, ny teknologi og kostnader, seier ein svært nøgd administrerande direktør, Arvid Andenæs i ei pressemelding.

Størst i Bergen

Banken skriv at dei opplever stor vekst i utlån til privatkundar, og at kundar busette i Bergen og Oslo-regionen står for over halvparten av veksten  på 6,6 prosent.

- Målt i utlånskroner er Bergen no vår største kommune, føre Oslo, Førde og Flora, seier Andenæs. Totalt forvaltar banken 40 milliardar kroner.

Mindre tap

Når det gjeld tap på utlån er dette redusert med 15 millionar. I fjor kostnadsførte banken 43 millionar i netto tap på utlån, samanlikna med 58 millionar i 2012 . Om lag alt skriv seg frå utlån til næringslivet.