Coop, HS Bygg og grunneigar Per Eilert Ommedal skal i felleskap føre opp eit ca. 6.000 rutemeter (tre etasjar) stort forretningsbygg på Esso-tomta i Stryn.

I første etasje skal det etablerast Coop Extra med butikkflate på ca 1.750 rutemeter.

- Dette blir største og beste daglegvareforretninga i Nordfjord, seier Arild Meisterplass til Fjordingen.

Andre høgda er tiltenkt kontor- og servicenæringar, medan toppetasjen skal nyttast til husvære. Bygget får også parkeringskjellar.

Les meir i papiravisa