Reiselivsbransjen har merka finansuroa dei siste åra godt, menbransjeansvarleg for reiseliv i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ørjan Skåden, serpositivt på 2016 og meiner fylket bør satse endå meir påopplevingar og aktivitetsferie for å få fleire nordmenn til åferiere i heimlandet.

- Bransjen er ikkje god nok på å få tak i deinorske turistane. Det er både fordi destinasjonsselskapa satsarmest på dei utanlandske turistane, men også fordi vi nordmenn erveldig vêrsjuke i val av ferie. Er det fint vêr, så blir vi iNorge, men blir det ein dårleg sommar med mykje regn og surt vêr,ja då reiser vi til utlandet uavhengig av valutakurs. For det harvi råd til, og vi vil ha sol uansett kva det kostar, seier ØrjanSkåden i ei pressemelding.

Meir aktivitetsferie

Hantrur likevel at ein eurokurs på over 9,50 kroner pr. januar 2016 ,og ein svekka kronekurs kan vere gode nyheiter for næringa fordifleire nordmenn kanskje vurderer å feriere i Norge i 2016.

- Vinordmenn likar det unike, og vi vil ha aktivitetsferie. Eg trurdown- hill sykling og tilsvarande aktiviteter vil bli meir og meiretterspurd og noko vi her i fylket med alle fjella våre absoluttburde kunne tilby. Vi har mange moglegheiter her, men dei er ikkjeutnytta godt nok. Så lenge det ikkje aukar belastninga på naturen,bør vi jobbe for å skape nye opplevingar, seier Skåden.

Ørjan Skåden, bransjeansvarleg reiseliv i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Destinasjonsselskapa og opplevingsnæringane bør også ha fokus på åfå på plass brukarvenlege bookingløysingar, meiner han

- Vi trur at dei somhar gode bookingløysingar tilgjengeleg der kunden sjølv kanbestille enkle pakkeløysingar vil vinne fram, seier han.

Må finnedet unike

Skåden meiner at fylket satsar for lite på nisje, og serpå Gloppen Hotell som eit godt eksempel på nisjehotell og HotelAlexandra som eit eksempel på nokon som gjer det bra både på nisjeog i volum. Han peiker spesielt på at sistnemnde gjekk inn medmykje pengar i Via Ferrata, men at dei også har fått igjen forinvesteringa gjennom god marknadsføring.

- Problemet er at mangekopierer andre og det som allereie finst. Eg trur vi får mykjeigjen for å reise ut i Europa å sjå kva andre land gjer og kva deitilbyr sine turistar, seier Skåden.