Ei ung kvinne er dømd for bruk og vidaresal av marihuana i Stryn i perioden september 2013 til juli 2014. I følgje domen frå Fjordane tingrett hadde kvinna kjøpt om lag 300 gram marihuana og seld om lag halvparten vidare. Resten hadde ho brukt sjølv.

Kvinna har innrømt forholda og skal gjennom sine forklaringar ha medverka til å fastslå kvantum. I formildande retning vert det og trekt fram at ho ikkje har pådrege seg nye forhold sidan pågripinga i 2014 og at ho har brote kontakten med narkotikamiljøet.

Normalt tilseier sal av eit så stort kvantum marihuana ubetinga fengselsstraff. Men retten konkluderte med at fleire formildande omstende gjer at det kan reagerast med samfunnsstraff. Straffen er fastsett til 73 timar samfunnsstraff med ei subsidiær fengselsstraff på 75 dagar. Gjennomføringstida vert sett til seks månader.