Laurdag kveld vart det fem nye Lotto-millionærar, og to av dei var frå Sogn og Fjordane, opplyser Norsk Tipping.

Den eine av dei var ei kvinne frå Eid.

Ho hadde ikkje sett Lotto-trekninga på TV, og fekk seg difor ei overrasking då ho fekk den berømte telefonen frå Norsk Tipping på Hamar.

- Nei, dette kan ikkje vere sant? Eg trur eg må setje meg ned. Eg har aldri vunne noko som helst! sa kvinna i følgje Norsk Tipping, som måtte forsikre vinnaren fleire gongar om at det faktisk var sant.

- Du verda. Eg trur eg drøymer. Dette er heilt ufatteleg, sa lottovinnaren frå Eid.

Då Norsk Tipping sende ut meldinga, hadde dei framleis ikkje fått kontakt med den siste lottomillionæren frå Sogn og Fjordane.

Så om du bur her i fylket og spelar Lotto, kan det vere lurt å sjekke kupongen. I alle fall om du har ubesvarte anrop på telefonen din frå i går kveld....