Etter ei helg med stor suksess for honndalsgutane Elias Lødemel, Magnar Lødemel og Magnus Seljeset, var det grunn til å feire då gutane møtte på skulen måndag.
Volleyballspelaren Elias Lødemel, som spelar på Møre og Romsdal sitt 16-årslag, vann NM i volleyball for regionslag og han vart i tillegg kåra til turneringa sin mest verdfulle spelar.
Skiskyttarane Magnar Lødemel og Magnus Seljeset lukkast i vestlandsmeisterskapen, der Lødemel fekk gull og sølv og Seljeset vann to gull.
Gutane fekk både heider, ære og masse applaus i matfriminuttet til ungdomstrinnet på Hornindal skule. Rektor Gro Mikalsen Hundeide skrytte stort og sa at ho syntes det er kjekt å ha elevar som er så flinke.
- I tillegg til å vere så flinke er dei også gode førebilete for andre elevar, sa ho. Gutane syntes også det var stas å bli tekne i mot på denne måten. Heile ungdomstrinnet vart servert kake og is og feira suksessen ilag med gutane.