Sigurd Strand frå Olden ønskjer å kome med ein kommentar over telefonen til Fjordingen. Han las saka om cruisekaia og bussane i førre avis.
– Det står ikkje eitt ord om fotgjengarane. Det er dei som er trafikkfaren. Nokon kjem til å bli påkøyrd i området. Ein må rydde opp i den store folkemengda som går der. Det må vere det første dei må gripe tak i, seier Sigurd Strand.