Anders Fannemel vart ei nøkkelbrikke då det norske laget gjekk til topps i verdscupfinalen i laghopping i skiflytingsbakken i Planica i dag.

I begge omgangane smelte han til med kjempehopp, i første omgang tok han Norge opp i leiinga, i andre omgang sikra han eit soild forsprang etter at konkurrentane hadde teke kraftig innpå.

Norge låg på tredje plass då honndøen smelte til med 234 m i første omgang.

- Eit nydeleg hopp. Viktig for Norge å setje ein støkk i Slovenia, sa NRK-kommentatorane, som minna om at heimefavorittane hadde vinnaren av dei to individuelle renna i Planica, Robert Kranjec, og verdas beste hoppar denne sesongen, Peter Prevc, i bakhand til dei to siste puljene.

Men korkje Kranjec eller Prevc nådde Fannemel si lengde i første omgang med høvesvis 231,5 og 229,5 m.  Johann Andre Forfang, ankermann for Norge, fekk svært tunge forhold og landa på 210 m. -Norge var framleis i leiinga, men med under 10 poeng ned til Slovenia.

I andre omgang skapte Stefan Kraft meir spenning med å hoppe 241 m for Austerrike, og Juri Tepes hoppa 234,5 for Slovenia som dermed pusta Norge i ryggen. Men Anders Fannemel svarte med 233,5 m, eit hopp der han ikkje berre fekk sjå 19-talet men også fekk 20 blank i stil av ein av dommarane, og auka leiinga til over 30 poeng.

Då Kenneth Gangnes slo til med 239 m verka leiinga på nær 70 poeng trygg. Peter Prevc svarte med eit praktsvev på 246 m i sitt sistehopp, noko som sikra Slovenia andreplassen, men Johann Andre Forfang sette punktum for tevlinga med 233,5 m og sikra dermed Norge sigeren med nesten 60 poengs margin.

Anders Fannemel Fan Klubb på plass i Planica, framme til venstre far Ola Rasmus Fannemel. Foto: Privat

Norge vann også nasjonscupen for sesongen 2015/2016.