Røde Kors legg som vanleg opp til ein god vaktberedskap i påskehøgtida.

– Sogn og Fjordane Røde kors har omlag 60 hjelpekorpsarar klare til å rykke ut ved behov, seier Britt Tjønneland ved Sogn og Fjordane Røde Kors. Ho jobbar som tilretteleggar for hjelpekorpsa og fortel at det er lagt opp til vakt 13 stadar i fylket ved utfartsstadar og alpinsenter.

– I Stryn vil hjelpekorpset ha vakt ved Spjelkebu. Hjelpekorpset i Vikane har saman med korpset i Gloppen vakt ved alpinbakken på Utvikfjellet alle dagar utanom måndag, tysdag og onsdag i påskeveka. opplyser Tjønneland. I Hornindal vil lokallaget ha base i Grendadalen ved Hornindal Skisenter.

– Vi kjem til å vere 2-4 personar på plass i skitrekket og i turløypene frå Skjærtorsdag og ut påska. Men vi satsar no på ei roleg påske, smiler Kristi Muldsvor som er leiar for hjelpekorpset i Hornindal.

Gnagsårplaster og hjertestartar

I Stryn er det Knud Marquard Frausing som er operativ leiar for hjelpekorpset.

– Vi blir folk på Spjelkebu frå onsdag til måndag. Spjelkebu er blitt ein populær stoppestad, og særleg Langfredag er det ofte mykje folk rundt hytta. Og grillhytta er eit kjempetilskudd som gjer at fleire folk kan få tak over hovudet, seier Frausing.

Han fortel om tradisjonell beredskap med 2-4 personar på vakt på det jamne. Dei er utstyrt med snøscooter, slede pulk og ATV med belte.

– Vi har også tilgjengeleg ein hjertestartar. Det kan kanskje vere greitt for folk å vite at der er i fjellet, seier han.Men heldigvis er det ikkje så ofte at noko av dette kjem i bruk. Då er det gjerne oftare at mindre og meir praktisk hjelp kan kome til nytte.

– Vi er utstyrt med gnagsårplaster og litt kioskvarer, seier Frausing.

Dei tre S-ane

Han oppmodar folk om å lese dei nye fjellvettreglane som kom denne vinteren, og minner også om dei tre S-ane som bør pakkast med i sekken om ein vil oppsøkje fjellet i påska.

– Søkestang, spade og skredsøkjar. Skredsøkjar er punkt ein om ein skal bli funnen i eit skred, men også dei andre to tinga meiner eg er viktig å ha med seg. Dette er ting ein får kjøpt på våre lokale sportsbutikkar, seier den operative leiaren som ønskjer alle velkomne innom hytta på Tverrfjellet.