Torsdag er ventetida over. 16 år sidan forrige gong er Holmenkollen atter arena når verdas beste skiskyttarar skal kårast. Denne gongen med Markane IL sterkt representert.

- Det er jo spesielt at to av dei norske, kanskje dei størstemedaljekandidatane til VM i Oslo, er fra Markane IL og Stryn, seier Monica Halsteinslid som leier skiskyttergruppa i nettopp Markane IL. Ho gler seg stort til VM og skal sjølv få med seg deler av meisterskapen. Og ho reiser ikkje åleine.

- Sjølv skal eg nedover å sjå sprinten ogjaktstarten no til helga ilag med 35 – 40 personar fra Markane.Vi gler oss og ser fram til denne opplevinga, seier ho.

Kjempar om ny medalje 16 år etter

Då VM fann stad i Oslo i 2000 var Tarjei Bø berre 11 år gammal og Johannes ytterlegare fem år yngre. Den gongen var det løparar som Halvard Hanevold, Frode Andresen, Egil Gjelland og Ole Einar Bjørndalen som kjempa om norske medaljar i meisterskapen. Det var berre Frode som lukkast i å ta gull den gongen, det skjedde på sprinten. Elles vart det ein individuell bronse til Bjørndalen, i tillegg til sølv på stafetten for det norske herrelaget. På damesida vart derimot Liv Grete Skjelbreid (den gong Poirée) dobbelt verdsmeister på sprint og fellesstart.

Skianlegget i Holmenkollen er klart for VM-fest. Foto: NSSF

Bø i spissen for dei norske

Seksten år etter er Hanevold og Skjelbreid ekspertkommentatorar i NRK når TV-sjåarane skal losast gjennom tevlingane. Gjelland er trenar for dei norske gullhåpa og Bjørndalen, ja han er framleis medaljekandidat i ein alder av 42 år!

Men størst lit set nok likevel mange til Tarjei og Johannes når VM brakar laust torsdag. Begge har synt svært gode takter denne sesongen, med Tarjei på tredjeplass og Johannes på sjetteplass i verdscupsamandraget så langt. Yngstebor har også ein verdscupsiger. No satsar vi på at familie, vener og øvrig publikum løftar dei fram til uforgløymelege opplevingar i heimebana Holmenkollen.

VM- programmet:

Torsdag 3. mars

15.30 - Mixed-stafett

Laurdag 5. mars

11.30 - Sprint 10 km, menn

14.30 - Sprint 7,5 km, kvinner

Søndag 6. mars

13.30 Jaktstart 12,5 km, menn

15.45 Jaktstart 10 km, kvinner

Onsdag 9. mars

15.30 Normal 15km, kvinner

Torsdag 10. mars

15.30 Normal 20 km, menn

Fredag 11. mars

15.30 Stafett 4 x 6 km, kvinner

Laurdag 12. mars

15.30 Stafett 4 x 7,5 km, menn

Søndag 13. mars

13.00 Fellesstart 12,5 km, kvinner

16.00 Fellesstart 15 km, menn

Slik gjekk det for Bø-Brørne sist:

Mixed-stafett:

1.Tjekkia

2.Frankrike

3. Norge (Fanny Horn Birkeland, Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø).

Sprint:

1. Johannes Thingnes Bø.

2. Nathan Smith.

3. Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø vann sprinten under VM i Kontiolathi i fjor. Foto: NSSF

Jaktstart:

1. Erik Lesser.

2. Anton Shipulin.

3. Tarjei Bø.

31. Johannes T. Bø.

Normaldistanse:

1. Martin Fourcade.

2. Emil Hegle Svendsen

3. Ondrej Moravec.

7. Johannes T. Bø.

25. Tarjei Bø.

Stafett:

1. Tyskland

2. Norge ( Bjørndalen, Tarjei, Johannes, Svendsen).

3. Frankrike.

Fellesstart:

1. Jakov Fak.

2. Ondrej Moravec.

3. Tarjei Bø.

6. Johannes T. Bø.