Jentene Marte Olsbu og Tiril Eckhoff gjorde begge to gode etappar og sytte for at Johannes gjekk ut i tet saman med Tyskland, Ukraina og Frankrike på mixed-stafetten torsdag ettermiddag. Desse laga skulle følge kvarandre tett gjennom heile stafetten.

Johannes følgde opp med ein sterk tredjeetappe. Han måtte ty til eit ekstraskot på kvar av skytingane, men låg godt plassert i tet-kvartetten gjennom sin etappe. Han var derimot ikkje heilt nøgd med eigen prestasjon.

- Det var eit veldig tungt løp og vanskeleg å gjere så veldig mykje meir enn det eg gjorde. Litt dårleg dagsform, så håpar det snur mot helga, uttalte han til NRK etter etappen.

Ankermann Tarjei fekk ein brutal start med tre ekstraskot på sin liggande serie, og hamna dryge 18 sekund bak Frankrike, Ukraina og Tyskland ut frå første skyting.

Han klarte å ta inn litt på mellomrunden, og på den ståande serien kom ein skikkeleg Tarjei-spesial. Han gjekk ut på bronseplass sju sekund bak Frankrike og Tyskland. Dessverre vart luka for tøff å tette, men ein bronsemedalje let seg høyre for Bø-arane og Norge. Frankrike vann føre Tyskland.

Også Tarjei var kritisk til eigen prestasjon.

- Sorry Norge. Det ville ikkje seg på liggande, var Tarjei sin første kommentar til NRK etter stafetten.