3 timar og 44 minutt inn i det nye året vart ekteparet Cathrine Tablate Espe og Pål Reidar Espe foreldre til ei velskapt jente. Fødselen som skjedde på Volda sjukehus, gjorde at Hornindal fekk nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane - ettersom Sentralsjukehuset i Førde først kunne melde om sin først fødde klokka 12.57.
Cathrine Tablate Espe hadde termin 22. januar. Men på årets siste dag melde riene seg.
- Alt står bra til med barn og mor, men det vart ein langvarig og tøff fødsel. Vi reiste til Volda tidleg på dagen nyttårsaftan. Klokka 03.44 inn i det nye året blei barnet forløyst ved keisernitt, fortel Pål Reidar Espe til
Fjordingen.
- Har jenta fått namn?
- Nei, vi har ikkje bestemt kva ho skal heite, seier ein stolt nybakt pappa.