På bildet kan det kanskje sjå ut som ein ganske useriøs gjeng, men tysdag kveld sette dei ein svært seriøs rekord.

Årets russekull ved Stryn vidaregåande skule samla nemleg inn 181.571 kroner i den årlege aksjonen Krafttak mot kreft. Det er omlag 5.000 kroner meir enn i fjor, som også var eit rekordår av russen den gongen.

- Vi rakk over heile Stryn ogHornindal kommune innen klokka var blitt 22 tysdag. Eg er veldig stoltover den engasjerte russegjengen min, og vi takkar innbyggjaranefor fantastisk støtte til ei fantastisk sak, seier aksjonsleiar Kamilla Rake.

Ho kunne også avsløre bakgrunnen for det fargerike fotoet.

- Bildet vart teke i samband med grisefesten til russen, smiler Rake.