- Hornindal kommune skal etter planen ta imot tre flyktningar den første veka i april.  Vi  slit med å skaffe husvære, men vonar at det skal bli ei snarleg løysing, seier rådmann Ann Kristin Langeland til Fjordingen.

Hornindal kommunestyre har gjort vedtak om busetjing av ti flyktningar i 2016 og inntil 17 i 2017.

- Kva skjer dersom kommunen ikkje får leige husvære til busetjing av flyktningar?

- Då må vi sjå på andre løysingar som å byggje eller kjøpe hus. Men vi vonar at det skal finnast ledige husvære som blir leigde ut, seier rådmannen.