Odd Rune Flo hadde måndag sin første dag i jobben som marknads- og aktivitetssjef for Hoven Loen.

– Det blir spennande å sjå korleis det blir etter kvart. Vi må lage eit attraktivt produkt. Eg har mine tankar, men det har dei no masse av frå før også, dei som har levd og virka her i mange år, seier 39-åringen, og siktar til hovudaksjonæren Alexandra som har levd av turisme sidan 1800-talet.

Flo kjem frå Bruagrenda i Stryn, og flytta tilbake i fjor sommar etter mange år i Olso.

– Vi skal engasjere både lokalbefolkinga, reiseliv og næringsliv. Vi må tenkje aktivitetbasert, ut i naturen. Eg trur folk har ønske om å delta i noko, ikkje berre sjå. Vi skal vere ei plattform for alt. Det er gjort mange gode tankar allereie. Alt er muleg, tenkjer eg.