Sola skein over Torgdag i Utvik laurdag, men det var nok ikkje den einaste grunnen til at det var mykje blide folk å sjå.

- Dette er den beste dagen i året etter julafta, bursdag og 17. mai! fastslo Leonor og Johanna Kleppe Paulen, som hadde rigga seg til med ei utruleg sjarmerande, rosa torgbod der dei selde godteri.

- Idéen var at ei lita bygd som Utvik treng aktivitet. Etter at vegvesenet la om vegen i sentrum, fekk vi ein plass her som kunne minne om dei torga vi finn i byane rundt om. Då tenkte vi at det hadde vore fint å nytte plassen nettopp som torg eit par gongar i året, forklarte Tanja Hage frå Utvik vel og utviklingslag. Sjølv var ho ein av dei som var på plass for å selje egg, noko som tydelegvis var ettertrakta.

- Vi prøver med ein torgdag om våren og ein om hausten. Folk kan byte, selje og gje vekk. Nytt, brukt og heimelaga.

Og medan lifleg duft av nytrekt kaffi og vaflar breidde seg over torgfolket, handla folk bøker og leiker, egg og snop, gåveartiklar, møblar og syklar.

Butikkane deltok også i torgdagen med sine tilbod, og kafeen hadde pizzabuffet og quizkveld.

- Først og fremst handlar Torgdag i Utvik om det sosiale, sa Tanja Hage.

Og ut frå stemningen på "torget" i Utvik laurdag, fungerte torgdagen såleis utan tvil etter intensjonane!