Sommarski-folket på Tystigen er like lei dårleg sommarver som alle andre, og studerer vermeldingane nærast minutt for minutt. Og seint i kveld ser dei ei stor sol på yr.no.

- I denne bransjen må vi følgje veret. Dei siste dagane har tåke og regn tvinga oss til å halde stengt. Slik vert det korkje gode opplevingar eller inntening av. Når det vert sol i kveld, fann vi ut at vi skal opne så fort veret tillet det. Så frå seint i kveld vert det nattkøyring, seier Idar Aaboen ved Stryn sommerski.

Noko slikt har truleg ikkje skjedd før, men Aaboen meiner det er viktig å tilpasse seg.

- Vi veit mange ventar på å kome til fjells for å prøve skia. Når veret slår seg vrangt dag etter dag, men slår til på natta, får vi ta natta til hjelp. Dette handlar om positiv endringsvilje. Så nær jonsok og med melding om sol og klårver, er det lyst nok til å halde anlegget ope, seier Aaboen med eit lite smil.

Få minutt etter at sommarskisenteret meldte om nattkøyring på Facebook-sida si, kom mange positive reaksjonar frå folk som vil til fjells.

- Det vert spennande å sjå responsen. Uansett er dette noko nytt og artig, seier Idar Aaboen.