Natt til laurdag fekk politiet melding om to personbilar som køyrde i stor fart på riksveg 15 på Strynefjellet. Felles var at dei to bilane køyrde saman og med mange ungdomar i bilane. Ein politipatrulje frå Stryn freista å stoppe bilane nederst i svingane på Skåre i Hjelledalen, men bilane stakk frå patruljen i svært høg fart mot Strynefjellet. Eit vitne kunne fortelje at bilane køyrde mot Geiranger og at farten framleis var stor.

På natta hadde patruljen lokalisert begge bilane på ulike stadar i Geiranger. Begge førarane som er menn i 20 åra fekk inndregne førarkorta. Hendinga vert vidare handsama av lensmannen i Stryn.