Advokat Stig J. Harris ber på vegne av Per Garen om at Stryn kommune avslår søknaden om oppføring av mobilmast/naudsendar i Videdalen. Det blir synt til at dette vil ha negative konsekvensar for Hotel Videseter som er nabo til arealet for den planlagde basestasjonen. Det går m.a. på strålingsfare.

- Masta blir plassert i eit rasfarleg område. Ved eit eventuelt ras vil masta kunne kome ut av opphavleg stilling og endre strålingsretninga direkte mot hotellet, påpeikar advokat Harris.