Eit rundskriv frå Vegdirektoratet slår fast at miljøgater ikkje skal brukast på nye riksvegar.

– Dette er grunngjevinga for at E39 gjennom Grodås og tunnelinnslag i Svor ikkje vil vere med blant forslaga som vil liggje til utgreiing når planprogrammet for E39 Byrkjelo-Grodås vert sendt på høyring midt i april, seier Ellen Slinde i Statens vegvesen.

Fleire alternativ

Ho seier vidare at det i staden vil bli foreslått utgreidd fleire aktuelle løysingar for tunnelpåhogg og tilknyting til eksisterande E39 mellom Grodås sentrum og Kvivsbrua.

– Arealbehovet ved denne type stamveg er stort, og det gjeld særleg for kryssløysingar. Når planprogrammet vert sendt ut på høyring, handlar det om kva trasear som skal utgreiast. Og i det ligg det ein plan for korleis planarbeidet skal få fram konsekvensar ved dei ulike alternativa. Konsekvensar når det gjeld nærmiljø, kulturminne og naturressursar inkludert landbruk. Utgreiingane som skal lagast saman med kommunedelplanen skal belyse kva som vert påverka, på kva måte og kva type avbøtande tiltak ein kan setje inn, seier Slinde.

Kraftig innkorting

Kommunedelplan som skal utarbeidast skal sjølvsagt og vise effektane ved bygging av ny veg.

– Strekninga Byrkjelo-Grodås vil med ny veg gå unna på ein god halvtime. Det betyr eit svært stort innsparingspotensial på relativt få kilometer. Denne strekninga av E39 er kanskje den som gir størst innsparingspotensial i køyretid, seier prosjektleiar Ellen Slinde.Arbeidsgruppa for E39 Byrkjelo-Grodås, beståande av Statens vegvesen og dei tre kommunane Hornindal, Stryn og Gloppen, hadde møte onsdag.

Seks veker høyringsperiode

– I tillegg til alternative forslag for tunnelpåhogg nord for Grodås sentrum, skal kommunedelplanen vise både alternative kryssløysingar i Markane, mellom E39 og rv 15 der brua kryssar fjorden samt for Innvik og Utvik, seier Slinde.

Høyringsperioden for å meine noko om forslag til planprogram vert sett til minimum seks veker. Det vil seie at høyringsfristen truleg vil vare til rundt månadsskiftet mai/juni.