- Kva skjer med Strynehallen, spurde Arve Glomnes (Frp) i siste kommunestyremøtet før ferien. Han refererte til ein tilstandsrapport som syner skrikande behov for nytt tak, golv, lysarmatur osv.

– Stryn kommune har siste tida vore rause med å gje 12,5 millionar kroner til Hoven-prosjektet og 5 millionar kroner til Arena Stryn. Men kva har kommunen tenkt å gjere med Strynehallen, spurde Arve Glomnes.

– Som største eigar av Strynehallen, har Stryn kommune forsømt seg når det gjeld vedlikehald. Vi bad om å få ein tilstandsrapport. Den er no komen og viser at m.a. taket og dekket er utdatert. Dette krev pengar. Vedlikehald av Strynehallen må inn som ein del av budsjettprosessen til hausten. Det blir opp til oss politikarar å bestemme om det skal puttast pengar i Strynehallen eller ikkje, svara Sven Flo (H).