I vekene før påske fekk elevane ved Tonning SFO nokre spesielle gjester å passe på. Ein gjeng med kyllingar vart klekka ut ein etter ein i rugemaskiner, og dei fjørkledde nøsta vart svært så populære hos både store og små. Men då påskeferien kom, reiste gjengen tilbake til matmor Siri Ulvedal på Ulvedal. På oppfordring frå Fjordingen tok ho eit par bilde som viser at kyllingane har kosa seg i påskehøgtida. Dei tre sønene i huset har sørga for godt stell av dei små krabatane.

Dei fargerike kyllingane kan melde om ei roleg påske på Ulvedal. Foto: Siri Ulvedal