Jarle Midthjell Gjørven og Tarjei Bø var med og gjekk på laget til Sogn og Fjordane som tok sølv på NM-stafetten i skiskyting i ettermiddag.

- Heilt supert, seier ein nøgd Midthjell Gjørven på telefon frå Dombås.

- Det var ein ok etappe. Eg hang greit med første runde men måtte til med to ekstraskot på liggande. Då gjekk eg nok litt over evne for å ta att det tapte og fekk det litt på siste runden. Men heilt greit, oppsummerer han.

Gjørven gjekk første etappe og veksla som nummer 13, dryge minuttet bak laga i tet. Håvard Gutubø Bogetveit gjekk ein sterk andreetappe som plasserte laget på femteplass når Ole Martin Erdal gjekk laus på sine rundar. Også han gjekk gnistrande og førte Sogn og Fjordane opp på gullplass før den siste etappen.

Her skulle det vise seg å bli ein duell mellom stafett-verdsmeistrane Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen for Sør-Trøndelag. Bø heldt leiinga heilt til siste skyting, føre Nord-Østerdal sin Kristoffer Skjelvik og nemnde Hegle Svendsen. Men berre ankermannen frå årets VM-stafett klarte å fylle, medan dei to andre måtte ut i strafferunde -trass ekstraskot.

På den siste runden heldt avstanden seg omlag uendra fram til Svendsen, medan Agder og Lars H. Birkeland kom sterkt bak frå. Det vart til slutt sølvplass til Sogn og Fjordane, 20 sekund frå gull, og Agder på bronseplass ytterlegare seks sekund bak.

Vi må elles nemne Johan Eirik Meland sin strålande førsteetappe på andrelaget. Han veksla som nummer tre, få sekund bak tetlaget.

- Ja, det var imponerande. Eg vil påstå at det er noko av det beste han har gått i år. Kjekt for han! Seier Gjørven som no ser fram mot nye løp.

- Eg håpar berre å få gått gode løp. Skyte godt og gå det beste eg klarar. Resultatmessig er det ikkje så viktig, berre eg gjere jobben min. Men då blir det gjerne bra resultat også, seier han.

NM held fram med sprint i morgon føremiddag.