Ein mann frå ytre søre Sunnmøre må sone 30 dagar i fengsel etter at han stal ein bubil og køyrde denne frå Stryn sentrum til Faleide ein septembernatt i fjor. Blodprøve som vart teken av mannen om lag to timar etter køyreturen viste ein promille på 1,87.

Mannen braut seg inn i den låste bubilen og fann deretter tenningsnøkkel og sette seg bak rattet. Tips frå ein medtrafikant gjorde at politiet reiste ut og fann mannen rett ved bubilen.

I retten innrømte mannen forholdet og uttrykte anger. Han har og sagt seg villig til å gjere opp for seg i forhold til dei reparasjonskostnader bileigar har hatt på i overkant av 17.000 kroner.

I tillegg til fengselsstraff og bot må mannen klare seg utan førarkort i tre år.