Skiskyttaren Johan Eirik Meland brukar dei siste dagane på "heimebane" for å lade best muleg opp til norgescuprenna på Ullsheim i helga. Saman med laget sitt, Team Skistua Hemsedal, har han base i ei hytte på Bøasætra for å ligge tettast muleg på løypenettet.
Meland har ikkje hatt den heilt store sesongen så langt. Møtet med seniornivå har vore tøft, og ein 28. plass er det beste han kan skilte med i norgescupen så langt. Men han håpar og trur at god kjennskap til arenaen kan gi ein fordel.
- Eg kjenner standplassen ut og inn, og føler blinkane dett lettare enn elles, seier han. Målet er å gå inn til sesongbeste i løpet av helgas to distansar.