Det er Kenneth Sølvberg som stiller spørsmålet. Han har kome over ei rekkje små, rutete plastgjenstandar i fjæresteinane ved campingen han og kona driv i Olden. Gjenstandane er kvadratiske og forholdsvis små, kring 2-3 cm.

Dei siste sommarane har Kenneth Sølvberg kome over mange av desse plastgjenstandane i fjæresteinane. Men kva det er har han ikkje funne ut.

- Vi såg slike i fjor også, og eg meiner vi fann året før det igjen, fortel Sølvberg. Ingen har kunne gi han eit fornuftig svar på kva det er, så no håpar han at nokon av Fjordingen sine lesarar kan løyse mysteriet.