Det er ein god og årelang tradisjon ved Stryn vgs, at avgangselevane i dobbel forstand tek eit krafttak for å samle inn pengar til kreftforeinga.

Maren Bø Håheim og Maya Eirin Løken i innsamlingskomiteen fortel at russen vil gå frå dør til dør måndag for å samle inn til årets Kraftak mot kreft. Midlane frå årets aksjon er spesifikt øyremerka til kreft med spreiing.

– Vi er eit veldig lite kull, men vi håpar likevel å få samla inn ein del til dette viktige formålet, seier Maren Bø Håheim og Maya Eirin Løken.

Parallelt med at russen går frå dør til dør, er det og sendt ut epost til ulike bedrifter i Stryn med spørsmål om å bidra.