– Eg dreiv og kika på leiligheit i Volda og vurderte å flytte dit. Men då eg forstod at dei skulle i gang med bygginga her, var eg ikkje i tvil om at eg ville kjøpe leiligheit i Grodåsbakkane, fortel Eva Gjervan. Kvinna som opprinnelig er frå Meldal i Sør-Trøndelag fortel at ho hadde 30 årsjubileum på Ekornes-avdelinga på Grodås i september. Etter at ho vart skilt, valde ho å selje huset i Kirkhornsbakkane. Ho budde eit par år i leigd bustad i Grenda, før ho i mars i fjor flytta inn i den nye leiligheita på 82 kvadratmeter i bakkane like ovanfor Grodås.

– Eg likte meg veldig godt i Grenda. Med fast jobb ville eg likevel kjøpe noko eige. Eg kika litt rundt, men fann ut at etter snart 31 år i Hornindal har eg slått meg til ro her. Det er også hakket billigare her enn for tilsvarande leiligheiter i Stryn, på Eid og i Volda.

foto
Har bygd sjølv: Det er lett å tenkje seg fine sommarkveldar i solnedgangen på denne verandaen som Eva har bygd sjølv. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Sjølvbygd veranda

Med tre soverom har ho plass til å ta imot besøk både av slekta frå Trøndelag og av dei tre vaksne borna på 19, 21 og 24 år.

– Eg var veldig tydelig på at eg ville ha tre soverom. Utgangspunktet var at det skulle vere to soverom, men eg fekk viljen min. Eg er veldig godt nøgd. Det er kort veg til både jobben på Ekornes og til butikkar.

Ein kvalitet du legg merke til med ein gong du kjem inn i stova til Eva, er uteplassen på framsida dit du har tilgang gjennom verandadør frå stova og kjøkenet. Her er det vidsynt med himmel og flott utsikt mot sentrum og vatnet. Vi kan berre tenkje oss til fine sommarkveldar på verandaen med solnedgangen i vest.

Sjølv om Eva no jobbar administrativt på Ekornes har ho bakgrunn som møbelsnekkar.

– Eg har bygd verandaen sjølv.

Kjøken frå Holmøyane

Inne i leiligheita er det også spor etter møbelhandverkarfaget. Både sofa og spisestue er naturleg nok frå Ekornes. Kjøkenet er frå Hjelle Snikkerverksted. Ifølgje Eva har verksemda i Holmøyane fast leveranse av kjøken til leiligheitene i Grodåsbakkane.

– Med min bakgrunn likar eg å sjå treet i møblane. Eg ville ha heiltre på frontane i kjøkeninnreiinga, og det kunne dei levere, fortel ho og viser oss naturens eige mønster gjennom dei svartlakkerte dørene på kjøkkeninnreiinga.

foto
Alt selt: 20 av 20 leiligheiter i første byggetrinn i Grodåsbakken er selt. Eva si leiligheit er på bakkeplan i andre bygget frå høgre. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Lokalt eigedomsselskap

Det er selskapet Hornindal Eigedomsutvikling AS som står bak utbygginga i Grodåsbakkane. Selskapet er eigd av Knut Sollid, Stig Olav Lødemel og Bottolf Grodås med ein tredel kvar. Sollid er byggentreprenør, Lødemel driv elektrofirma, medan Grodås er grunneigar der dei første utbyggingane i selskapet fann stad. Med Grodåsbakkane er utbygginga flytta over på ein annan grunneigar.

Lødemel fortel at alle dei 20 leiligheitene i første byggetrinn i Grodåsbakkane er selde.

– Det har vore ein heilt utrolig respons. Sidan vi starta selskapet i 2012 har vi selt 53 leiligheiter. Hadde du sagt til folk i bygda i 2012 at vi skulle selje 53 leiligheiter, trur eg dei fleste hadde rista på hovudet. Vi ser at kjøparane er heile spekteret av folk - unge, eldre, kvinner og menn. Ved sidan av folk med tilknytning til bygda som kanskje flyttar frå ein utkant for å kome nærmare butikker og helsetenester og få det meir lettstelt, er her tilflyttarar frå Hellesylt, Stryn og Måløy.

foto
Fortetting: Leiligheitene i Grodåsbakkane er ein del av utviklinga med fortetting i Grodås sentrum i Hornindal. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Planar for byggetrinn B

Fire av fem bygg med fire leiligheiter i kvart er komne opp i Grodåsbakkane så langt. Utbyggjarane har vidare planar når første byggetrinn er ferdig utbygd. Totalt er det planlagt 68 leiligheiter i prosjektet. Bak byggja som er komne opp no, er det planlagt leiligheitsbygg i tre etasjer. Ifølgje Lødemel har leiligheitene i bygga som er komne opp i Grodåsbakkane så langt ein snittpris på 2,8 millionar kroner. På grunn av sterk auke i byggevareprisane trur han byggetrinn B fort kan bli 600.000 kroner dyrare.

Lødemel var også den siste ordføraren i gamle Hornindal kommune. Han er nøgd med at bustadprosjektet har ført til auka næringsaktivitet og at det er positivt for folketalet.

– På det jamne har det vore åtte-ti personar i arbeid på prosjektet sidan starten i 2012. Eg trur dei som kjøper ser at Hornindal har gode kvalitetar med skule, barnehage, butikkar og helsetenester, og vi har sjukehus og flyplass i nærleiken. Set du passarspissen på Grodås på kartet og ser omkrinsen for 45 minutt køyring, ser du at du kjem til både Stryn, Eid, Volda, Ørsta og Stranda.