- Dette er ikkje ei sak som berre vedkjem Fjordingen og våre abonnentar. Heile regionen vert råka av endringane i Posten sitt distribusjonssystem og dei negative konsekvensar det har ført til, understrekar Flaten.

I eit skarpt brev krev han at Posten tek affære. Det vert vidare reist krav om prisreduksjon med tilbakeverkande kraft frå 6. februar i år. Det er datoen då Posten flytta sorteringssentralen sin frå Florø til Ålesund.

- Flyttinga medfører at Fjordingen distribuert til abonnentar sør for Nordfjorden går med bil frå Stryn til Vigra, derifrå med fly til Oslo, vidare med nytt fly til Bergen og deretter med bil nordover att. Fjordingen distribuert frå Stryn til Sandane fem mil unna får dermed ei rundreise på over 140 mil før den omsider kjem fram til abonnentane. Også Posten må innsjå at ein slik logistikk med så mange vekslingar ikkje kan fungere i praksis, seier ein frustrert Flaten.

Storm av klager

- Er det ikkje fare for at du overreagerer ved å gå så hardt ut mot Posten?

- Nei, her må det seiast ifrå. Korkje Fjordingen eller andre postkundar i regionen kan finne seg i å bli behandla på denne måten. Etter at Posten la om, har vi motteke mange klager frå abonnentar som ikkje lenger tek imot avisa til rett tid.

- Kan du gje eksempel på at distribusjonen har blitt dårlegare?

- Ja, det er ei enkel sak. Eg snakka nettopp med ein abonnent i Florø som tok imot måndagsavisa torsdag. Vi får stadig telefonar frå folk som fortel at Fjordingen no kjem to-tre dagar seinare enn før omlegginga. Frykta er at frustrasjonen skal føre til oppseiingar av avisa. Difor krev eg no at det vert ordna opp. Eg har sendt kopi av brevet også til transport- og kommunkasjonsminister Liv Signe Navarsete for å synleggjere problemet politisk, seier Flaten.

Les meir i papirutgåva måndag