- Streiken ved Førde sentralsjukehus råkar personar som har time ved medisinsk poliklinikk, radiologisk poliklinikk, øyre/nase/hals og høyrslesentralen seier Arne Eithun, informasjonssjef i Helse Førde.

Eithun oppfordrar pasientar som har time ved desse poliklinikkane om ikkje å reise til Førde sentralsjukehus så lenge streiken varer.

Inger Johanne Sætenes er streikeleiar for dei Delta-organiserte i Helse Førde. Ho seier dei streikar for lik løn for likt arbeid i offentleg sektor.

- Vi er lei oss for at dette råkar pasientar, men streiken skal ikkje råke born, kreftpasientar og psykisk sjuke. Men det er klart at det vil merkast at det er streik, men det er arbeidsgjevaren vi vil råke.

Eithun seier til Fjordingen at streiken ikkje set liv og helse i fare. Men at mellom 200 og 250 pasientar frå heile fylket vil verte råka av streiken.

Helse Førde vil fortløpande vurdere om dei likevel kan klare å ta imot nokre pasientar ved avdelingane medan streiken pågår.