Eit samrøystes sektorutval for tekniske saker har vedteke den minst trafikksikre løysinga for sikring av mjuke trafikantar langs Setrevegen i Stryn. I valet mellom oppbygd fortau eller etablering av fysisk skille mellom køyreveg og gangveg, valde politikarane fortau. Dette blant anna fordi løysinga er enklare og rimelegare med tanke på vintervedlikehald. Likevel er løysinga 150.000 kroner dyrare enn forslaget med fysisk skille.

Det verkar lite framtidsretta å satse på fortausløysing langs ein så trafikkert veg som Setrevegen. Ikkje berre har vegen mykje trafikk. Han er og bratt og smal, med store utfordringar særleg på glatt vinterføre. I saksutgreiinga til møtet saknar vi uttale både frå velforeining, skule og andre som representerer mjuke trafikantar. Vel vitande om at det har vore påkøyrsler og nestenulukker langs vegen tidlegare, og vel vitande om at auka utbygging av hus og hytter vil føre til større trafikk i åra som kjem, burde politikarane satsa på den løysinga som sikrar mjuke trafikantar på ein best mogleg måte.

Om vintervedlikehaldet kostar 100.000 kroner meir pr. år for ei løysing med fysisk skille mellom veg og gangveg, er dette ein svært liten sum den dagen ein bil kjem ut av kontroll, sklir opp på fortauet og køyrer ned ein fotgjengar. Det er slike scenario politikarane må tenkje på når dei skal gjere noko med ein av dei farlegaste skulevegane i tettbebygd strok i Stryn. Setrevegen er ikkje breiare enn at det i dag er trangt nok for to bilar som skal passere kvarandre ved sidan av mjuke trafikantar på innsida av kvitestripa. Difor vil ein forhøya fortauskant vere falsk tryggleik.

Det er ofte dyrt å gjere ting for enkelt. Skulle ein no byggje fortau for så å oppdage at løysinga likevel ikkje held mål, må ein ta prosjektet opp att. Difor er det betre å gjere ting skikkeleg med ein gong.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør