Dei tilsette ved Ekornes Grodås takkar nei til julegåve frå eiga bedrift og gir heller julegåva til trivselstiltak for bebuarane ved sjukeheimen i Hornindal. Onsdag kunne Aud Elin Fjellkårstad og Ingvald Løvlid fortelje den glade nyheita om 100.000 kroner i gåve til dei eldre.

- Det er dei som har bygd lokalsamfunnet vårt. Det er kjekt å gje litt tilbake, seier Fjellkårstad og Løvlid på vegne av alle kollegaene som har bidrege til den store summen.

Også ved Ekornes sine fabrikkar på Hareid og i Sykkylven vert det gitt store gåver til sjukeheimane. Dette er sjette året på rad dei Ekrones-tilsette gir julegåver til nokon som treng det og fortener det.

- Dette var ei kjempegod nyheit å få, seier avdelingssjukelpeiar Liv Langeland Muldsvor. Det er ordførar Anne-Britt Øen Nygård heilt samd i.

Ei gruppe samansett frå Ekornes, tilsette og pårørande ved sjukeheimen i Hornindal vil no ha forslag til korleis pengane skal brukast, så vil avgjerda bli teken om ikkje så alt for lenge.