Langrennsløyper har vore på plass sidan starten av veka, både i fjellet mellom Ullsheim og Stryn Vinterski, til setrane i Grendadalen i Hornindal og lysløypa på Utvikfjellet. No varslar Breimsbygda Skisenter og Hornindal Skisenter at også trekket vil gå i morgon.

- Vi har fått mykje snø. På toppen av trekket vil eg tru der er ein god meter, og nede ved påstigninga  60-70 cm, seier marknadsansvarleg ved Breimsbygda Skisenter, Vegar Sårheim. Så sant alt går etter planen blir det opning av begge heisane laurdag.

Grendadalen

Også i Grendadalen er det gode forhold i følgje driftssjef Amund Sverre Tomasgard.

– Vi opnar opp til mast sju, som betyr to trasear av ca 800 meter, seier han. Skisenteret planlegg kveldskøyring tysdagar og onsdagar, i tillegg til opning i helgane.

Stryn Vinterski

Distriktet sitt tredje skisenter, Stryn Vinterski, ser seg derimot nøydde å vente ei veke til før opning.

- Per i dag er det litt for lite snø. Men om meldingane slår til så blir det opning neste helg, seier dagleg leiar, Kåre Tonning.

For dei som helst vil nytte seg av langrennsskia så er det altså gode tilhøve ved Ullsheim og i fjellet over til Stryn Vinterski. Også ved Nordfjord Fritidssenter på Fjelli blir det løyper i helga.

– Vi tek sikte på  at det i alle fall blir løyper til  Sølvbergsstøylen, opplyser Olav Nyberg.

Frå turløypene på Tverrfjellet. Foto: Leif Vinsrygg