Ein av dei mest populære videoane på Fjordingen.no i 2015 var gjensynet med Skoreven.

For ti år sidan tusla ein nyfiken og leiken rev rundt husa i Sør-Markane og stal sko og støvlar.

Per Myrhaug var mannen som oppdaga reven, og som i ein periode hadde besøk av den leikne krabaten så å seie dagleg.

Reven var spesielt svak for sko og støvlar, og forsynte seg rikeleg av det han fekk fatt i. Til tider måte Per Myrhaug leite lenge og vel for å finne att ein sko eller ein støvel som hadde forsvunne i løpet av nattens mulm og mørke.

Men sjølv om han kunne vere noko irriterande med tjuveria sine, var reven også svært god underhaldning. Dersom han visste at han hadde publikum, kunne han gjerne "showe" litt med det han fann. Til dømes heldt han mykje moro med ei lue med ein litt overdådig dusk på.

Reven tok det han kunne få tak i. Når det etter kvart vart vanskeleg å få tak i sko og støvlar, fordi eigarane kloke av skade passa på å halde alt slikt inne bak stengde dører, forsynte han seg med anna gods. Ein dag stakk han like godt avgarde med eit par liter bensin i ei kanne.

- No er det lenge sidan vi har sett reven. Han forsvann berre. Kanskje gjekk han sin veg og fann seg nye jaktmarker, eller så er han daud. Borte er han i alle fall, seier Per Myrhaug, som på oppfordring frå Fjordingen fann fram dei gamle videoklippa av Skoreven.