Oslo Trend pågår for fullt denne veka, og mellom dei som er på plass er Olden-verksemda Riccovero. I ei leilegheit i hovudstaden har dei eige showroom og tek imot kundar for innsal av kolleksjonen sin. Verksemda har også hatt ein ekstra godbit å by på under årets moteveke:

- Vi har det norske kokkelandslaget hos oss, fortel Kjersti Kvamme, konseptansvarleg design for Riccovero Woman.

Riccovero har hatt ansvaret for å kle opp det norske kokkelandslaget til kokke-VM, og under moteveka har landslagskokkane teke over grytene for Olden-verksemda.

Kjersti Kvamme fortel at verksemda er veldig godt nøgde med besøket under moteveka.

- Det har vore ei svært positiv veke for oss, seier ho.

Frå Riccovero sitt showroom. (Foto: Riccovero AS)